Totalentreprise for pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri - Lærdal sykkelpark
Norge (Doffin)
Lærdal kommune
Norge
4 mill. kr
25. nov. 2026
Beskrivelse
Bakgrunn Lærdal ungdomsråd har sidan 2024 arbeidd for å få etablert eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Saka vart handsama politisk hausten 2025, då formannskapet vedtok at kommunalt areal kan nyttast til tiltaket. Det er løyvd midlar til prosjektet i 2026, og kommunen ønskjer å kontrahera totalentreprenør til prosjektet i 2026 med ferdigstilling innan juni 2027. Formålet med anskaffinga er å etablera eit attraktivt og funksjonelt aktivitetsanlegg for ungdom, med tilbod som fremjar fysisk aktivitet, sosialt samvær og gode møteplassar. Anlegget skal vera ein naturleg samlingsstad for ungdom i sentrumsnære omgjevnader mellom sentrum og fjorden. Sykkelparken skal samstundes i størst mogleg grad kunne nyttast av barn og andre brukargrupper. Plasseringa stiller særlege krav til utforming og gjennomføring. Området ligg sentralt ved innfallsporten til Lærdal og i nærleik til Gamle Lærdalsøyri. Det er difor viktig at anlegget vert godt tilpassa landskap, omgjevnader og verneverdig miljø, og at det held høg estetisk kvalitet. Beskrivelse av oppdraget Lærdal kommune ønskjer å inngå kontrakt om totalentreprise for prosjektering og bygging av eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Oppdraget omfattar ei samla leveranse frå prosjektering til ferdig opparbeidd anlegg. Leverandøren skal også gjennomføra prosess med byggjesøknad. Leveransen skal omfatta eit pumptrack-anlegg med god flyt og ei utforming som er tilpassa ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå. Anlegget skal i tillegg vera ein møteplass med opphaldssone og møblering. Det skal leggjast til rette for trygg ferdsel i og rundt området. Leveransen skal inkludera belysning i samsvar med NS-EN 12193 Idrettsbelysning og krav til denne type anlegg. Universell tilkomst skal inngå som ein del av den samla løysinga. Løysingsforslaget skal ta omsyn til nærleik til veg, ferdsel og verneverdig miljø, og skal utformast med vekt på landskapstilpassing, tryggleik og estetikk. Oppdragsgivar har tilgang på knuste tunnelmassar som skal nyttast i oppbygginga av anlegget der massane er eigna til føremålet, og leverandøren skal leggja dette til grunn i prosjekteringa og utføringa. Lærdal kommune er i ferd med å etablera ein gangveg mellom sentrum og fjorden. Pumptrack-anlegget er planlagt i tilknyting til denne, og tilkomstveg mellom pumptracken og gangvegen skal inngå i totalleveransen. Me viser elles til vedlagde dokument. Anskaffinga gjeld eit prosjekt med planlagd kontrahering ved årsskiftet 2026/2027 og ferdigstilling innan 1.juni 2027.
Oppføringen
Som publisert. Kunngjøringsteksten blir hos utgiveren.
Kjøper
Land
Norge
Regioner (NUTS)
Kategori
Bygge- og anleggsarbeider · Construction work45212200, 45212210, 45212000, 45212100, 45000000, 45233300, 45236200, 45236210, 45112720, 45212140, 45112700, 45200000, 45210000, 45230000, 45233000, 45236000, 45100000, 45110000, 45112000
Kontraktsverdi
4 mill. kr
Frist
25. nov. 2026
Publisert
3. nov. 2026
Språk
Norsk (Norwegian)
Kilde
Norge (Doffin) · 2026-117081
Kan firmaet ditt by på dette?
Lim inn et nettsted. Vi leser hva firmaet gjør og scorer det mot dette anbudet. Ingen konto.
Hvor stor er denne kontrakten?
Samme tall målt to ganger, fordi svaret avhenger av hvor du byr fra.
Mot 9 sammenlignbare kontrakter åpne i hele Europa
nedre kvartil
midtre halvdel
øvre kvartil
Mot 9 åpne kontrakter med samme kode i Norge
nedre kvartil
midtre halvdel
øvre kvartil
I den mindre delen av sammenlignbare kontrakter.
Åpne anbud som dette
Rangert etter hva kunngjøringene handler om, ikke etter like ord i tittelen.
Kunngjøringsdataene er gjenbrukt fra offisielle kilder: Tenders Electronic Daily (TED), utgitt av Den europeiske unions publikasjonskontor i henhold til kommisjonsbeslutning 2011/833/EU; oeffentlichevergabe.de og TenderNed, publisert under CC0; BOAMP, publisert under Licence Ouverte 2.0; Find a Tender, publisert under Open Government Licence v3; og e-Zamówienia, Plataforma de Contratación del Sector Público og Piattaforma di Pubblicità a Valore Legale, utgitt av ANAC, samt Doffin og Hilma, publisert av de nasjonale myndighetene. Hver kunngjøring lenker til originalen, som er den versjonen som gjelder.
Se bare de som passer bedriften din
Kunngjøringer som denne kommer hver uke. Med en profil ser du dem bedriften din kan vinne, med poeng og én linje som forklarer hvert treff.
Start gratis